Siste spikar?Liv Signe Navarsete har og gjort det. Har Kristin Halvorsen gjort det? Liv Signe angrar, og det er det ho kan sei, eg angrar. Ho er statsråd og ein person ho ikkje kjenner personleg, men som kjendis gir Liv Signe ei gåve verdt kr. 26.000,-. Denne gåva er hemmeleg fram til i dag og i dag angrar Liv Signe. Personen og kjendisen er Kjell Inge Røkke, mannen som la Sylvia Brustad på rygg ved å herme etter dialekten hennar og ved den manøveren lure heile pressekorpset langt utover sidelinja ved å få fokus på herminga og ved det gløyme saka. Røkke kan manipulere. Sjå berre på omstenda og tidspunkta i sakene som involverte Brustad og gåva til Liv Signe. Omstenda er ein statsråd i minus og ein i pluss og tidspunktet er ei fleirtalsregjering. ”I gir me aldri,” sa Røkke, ”so lenge i veit i he rett”. Og med ein stab av advokatar rundt seg som i alle fall regjeringsadvokaten misunner han, har Røkke det i seg at han deler ut ei kostbar (peanøtter for han sjølvsagt) gåve til ein person han knapt kjenner. Han veit at ho er statsråd. Med advokatane sine rundt seg veit Røkke nøyaktig kva han gjer. Han veit han legg Liv Signe i grøftekanten politisk når denne gåva blir kjent offentleg, likevel gir han gåva. MOTIV? Liv Signe tek i mot ei gåve frå ein ho ikkje kjenner, men veit kven er. Ho skal skjøne, utan å skulde på manglande erfaring som STATSRÅD at dette kan eg ikkje ta i mot. Å skulde på manglande erfaring som statsråd går ikkje heim. Ingen anstendig person tek i mot ei slik gåve frå ein person som ikkje er svært nærståande. Når Liv Signe gjer det, viser ho manglande dømmekraft som gjer at ho skal vere ferdig som politikar. Hennar gåve er langt verre å ta i mot enn klokka som helseministeren eller teppa som Støre fekk frå utanlandske leiarar i pakt med utanlandsk tradisjon. SLUTT FOR DEG, Liv Signe Navarsete.
Vist 111 ganger. Følges av 6 personer. Veggavisen
Følges av 8071 medlemmer.
Dette er stedet for debatt, meninger og ditt innhold. Mer om sonen Veggavisen er en sone på Origo. Les mer | ||
Kommentarer
Ingen av gavemottakerene har jo ikke gjort noe galt iht. regelverket, så hvorfor klandre de? Skal de klandres for noe, så må det være at de selv ikke satte fokus på regelverket, som forskjellsbehandlet de og de øvrige i statsapparatet. Men at denne og tidligere regeringer gjør forskjell på folk, er ikke noe nytt, så hvorfor skulle de ikke benytte anledningen mens de hadde den?
Kommentaren din overrasker, Terje. Røkke har ingen grunn til å vere snill med Navarsete som statsråd. Ei slik gåve (kr. 26.500,-) til ein statsråd har eit motiv og verdien seier det er noko meir enn å gi eit minne til ei gudmor etter dåp av ein båt.
Du skal elles vere merksam på at no klandrar dei seg sjølv slik at dei leverer attende gåvene.
Hei, da er det vel heller Røkke som bør mistenkes for bestikkelser?
Hva annet kan en vente når noen graver opp “en død hund”?
For å kunne mistenke nokon for smurning (betikkelser) slik denne saka står må ein kunne lese innsida av hovudet på den mistenkte. Kunne ein det og fått rett svar ville straffesak kunne bli reist.
Jeg minner om at staten kjøpte en andel av Aker Solutions for fem milliarder kroner på omtrent samme tidspunkt. Ikke at det nødvendivis har noen sammenheng, men det er jo grunn til å stille spørsmål. Særlig fordi et samlet finans-norge reagerte på den prisen som den rødgrønne regjeringen betalte. Når vi så i ettertid hører om denne gaven, så må man jo være hjernevasket for ikke å forstå at denne gaven kan tolkes som noe mer enn en symbolsk gave til gudmoren til et skip….
Trist disse statsrådene legger seg flate med en gang, men det skal prates på kammerset og gjøres mange taktiske ting i forkant før en innrømmelse kommer.